Foto: Torgrim Soterud. Motiv: Torgeir Straand spelar for ei gruppe på tunet på Spelemannsgarden Brukås.
Spelemannsgarden Brukås har vore ein samlingsstad for spelemenn gjennom generasjonar og tradisjonane sit så og seie i veggane på garden. I det eine romet i spelstugo har vi ei flott hardingfeleutstilling som består av hardingfeler som er i dagleg bruk. Desse hardingfelene får ikkje tid til å sprekke opp eller vri seg slik hardingfelene ofte gjer på musea. Det er fordi dei får dagleg ettersyn, og alle endringar i hardingfelene blir heile tida korrigert av vår www.felemakar.no.
Garden eigast idag av vår eigen spelemann på hardingfele, Torgeir Straand. Han har satt opp ei "spelstugo" i tunet, og her tar vi imot gjester og byr på tradisjonar som folkesang, hardingfelespel, forteljing, utstillingar og sprelsk Telemarksmat; vår eigen versjon av tradisjonsmat.
Tradisjonsmaten er kortreist, fersk og lekker, og vi legg vekt på unike smakskombinasjonar saman med det kjende og kjære. Inspirasjonen hentar vi i naturens former og fargar, og med stor interesse for antioksydantar og sprelske smakar skapar vi stadig nye rettar og kombinasjonar: tradisjonsmat med ny vri.
Sjølve spelstugo er ein restaurert tømra bygning frå omlag 1860, og den blei flytta til Brukås i 2007. Opplev tradisjonelle bygningsteknikkar i kombinasjon med ny teknologi, og restaureringsarbeid gjort med kjærleik og kunnskap om miljøvenlege hus. Ei lun atmosfære, sterke fargar i kombinasjon med trekvitt i nokre rom og kittkvitt i andre rom, høvla tømmerveggar og breie golvbord. Spanande utstillingar. Tradisjon og innovasjon i praksis.
Selskap frå 15 til 40 personar.
Sjå meny til venstre.
Tradisjonsmat og alle rettighetar. Avtaler med overnattingsstader og transportselskap.Hardingfelespel og underholdning.
Vår felemakar held også til i Bø, og du finn han her: www.felemakar.no