Bryllup med spelemann på hardingfele, gjerne i kombinasjon med folkesang, gjev ein ekstra dimensjon til seremonien og festen.
Vi kan gjerne spela og synge for dykk, både i kyrkja og under middagen, og vil gjera alt for at dette blir perfekt slik eit bryllaup skal vera. Vi kjem til bryllupet, eller så kan bryllupet vera hos oss.
På spelemannsgarden Brukås tar vi imot inntil 40 gjester. Vi legg på våre kvitaste dukar, tryllar fram blomebukettar og bretter flotte serviettar - vår eigen dekoratør tar seg av bordpyntinga ved slike høve.
Fordi alle vil ha sin eigen vri på bryllupet, syns vi det er best om de stikk innom oss og ser, og så snakkar vi om menyar og mogleghetar når de kjem. Vi har hatt bryllaup både om sommaren og vinteren og dei har vore like vellukka.
Be om referansar.
Kontakt dagleg leiar Marit Svale Svalastog på mob 976 29 884 eller på post@tiltelemark.com.