Du vil kanskje bli forbausa over kor godt konfirmanten likar vår tradisjonsmat med ny vri, og kor lett den lar seg kombinere med meir typiske ungdomsmenyar. Vi syns at konfirmasjonen kan vera ungdommeleg, stileg og frisk!
Meny, underhaldning, kaker, gåvebord, blomar i hagen og inne - vi gjer alt for at dette skal bli ei unik oppleving for konfirmanten og gjestene.
Kvar konfirmant har sin eigen stil, og vi dekker bordet og tilpassar menyen deretter. Gjerne i samarbeid med konfirmanten og foresatte. Den fyrste konfirmanten vår var spesielt glad i rosa og lilla, og hadde desse fargane i bunaden sin. Då planta me heile hagen med rosa og lilla blomar, dekte bordet med rsa og lilla dekorasjonar, og laga eit rosa og lilla songhefte. Berre spør oss- vi er med på det meste!
Ta ein prat med dagleg leiar Marit Svale Svalastog på mob 976 29 884 eller på post@tiltelemark.com, og vi avtalar eit møte.