Foto: Marit Svale Svalastog. Motiv: Torgeir Straand i den forbudte by i Beijing.
Torgeir er alltid på farten, og køyrer rundt i ein knallraud pickup med Til Telemark-logo på.
Han har vore Telemarksmeister på hardingfele fleir gonger, har spela for kongen og dronninga, for statsrådar og fylkesmenn, for ungar og eldre, for fattige og rike, frå snøscooter i fart, på ski, frå lasteplan og traktorskuffer, på den kinesiske muren, på Hudson River, i Dublin og Athen for å nemne eit utval.
Sommaren 2011 spela han fleire gonger saman med The Dubliners, og hadde eit program med Dag Solstad.
Han er også stadig meir nytta som konferansier og foredragshaldar i næringslivet og høgskolesektoren.
Hans spesialfelt er Tradisjon og Innovasjon.
I 2009 fekk han Askeladdprisen frå Noregs Bondelag som ung nyskapande og suksessrik bedriftsleiar i eigenskap av dagleg leiar i Ble Engineering A/S.
Torgeir er ledig for spel- og konferansieroppdrag.
Du kan også møte han på Spelemannsgarden Brukås der han har bygd ei spelstugo for å kunne ta imot gjester.
For informasjon og booking: Ta kontakt med Torgeir Straand på mob 906 57 267 eller på torgeir.straand@tiltelemark.com.
Sjå referansar nede til venstre.