Foto: Torgrim Soterud. Motiv: Dansemeistar Sigbjørn Rua sparkar hatten i tunet på Spelemannsgarden Brukås.
Firma, konferanse og selskap med humor og snert
Opplev hardingfelespel, dans og folkesang i pausa under konferansen. Eit frisk innslag som skapar energi mellom dei andre innslaga.
Kombinasjonen av morosame forteljingar og spel på hardingfele er vår spesialitet, og vi samarbeider gjerne og ofte med musikarar frå andre genre. Du kan få så mykje og lite underholdning du vil. Fleir og fleir er i ferd med å oppdage det fanstastiske instrumentet hardingfele.
Humor er meir og meir populært, spør oss.
Dersom de også treng nokon til å leie konferansen så er både spelemann Torgeir Straand og dagleg leiar Marit Svale Svalastog er mykje nytta som konferansier. Vi har kvar vår stil, og opptrer også i tospann.
Faglege innslag ved ein av oss: Torgeir Straand om innovasjon og nyskaping, med hardingfele. Marit Svale Svalastog om ulike kulturtema i kombinasjon med folkesong.
Vi fakturerar pr medgåtte time eller på fastpris, pluss reise og diett. Avtaler på førehand. Vi tar oppdrag lokalt, regionalt og nasjonalt, og er eindel nytta i utlandet.
Referansar:
Kongsberg Defence & Aerospace AS NHO Grenlandskonferansen Sparebank 1 Telemark Museum Dyrskun Arrangements Telemarkfestivalen Deco Sign AS Universitetet for Miljø og Biovitenskap
Private selskap
Spør oss om underhaldning eller andre funksjonar under bryllaup, runde dagar og venefestar. Eller gje ei annleis gåve til den som har alt: Vi opptrer som pakke i troll i eske, og kjem med munter stil inn på festen.
Faste prisar pluss reise og diett, alt avtalt på førehand.
Dei mest kjende kunstnarane vi har samarbeidd med
Vi nemner dei irske legendene the Dubliners, operasongaren Anders Vangen med eleven Didrik Solli Tangen, Frikar Dansekompani og forfattaren Dag Solstad.
Sjå meny nede til venstre
Prisar
Frå kr 5000 for eit innslag lokalt. Fortel oss om dine ynskje og budsjett, så lagar vi eit forslag saman med deg.