Foto: Live Skinnes. Motiv: Detalj frå rekonstruert beltestakk frå 1800-talet.
Under Dyrskun i Seljord 2011 såg omlag 2000 personar vårt store bunadshow.
Vi synte fram 32 ulike bunadar frå ulike tidsepokar, spela hardingfele, song, dansa og fortalte om bunadane. Mannekengane våre var bunadssaumarar, dansarar, felespelarar, fotball- og handballspelarar og andre med interesse for folkekulturen. Det heile blei avslutta med eit spektakulært show av Frikar Dansekompani, der den kvinnelege lausdansaren Silje Onstad Hålien dansa i stuttstakken som Til Telemark har lansert saman med Åmyri Systoge.
Vi har også hatt bunadsshow med mannekengar frå publikum, noko som har vore populært på bedriftssamlingar og mindre møte.
Vi kjem gjerne til dykk med ein stor eller liten bunadsgjeng, og har med bunadar på kleshengarar eller på dansarar, songarar og spelemenn.
Du bestemmer kor stort dette skal bli.
Kontakt dagleg leiar Marit Svale Svalastog for informasjon og booking på mob 976 29 884 eller på post@tiltelemark.com